Kva skal til for at du startar ei vekstbedrift med ti tilsette og gode vekstambisjonar?

«Kva skal til for at du startar ei vekstbedrift med ti tilsette og gode vekstambisjonar?» Dette var draumespørsmålet Halvor Gregusson i Rocketfarm ynskte seg frå sentrale personar i Sogn og Fjordane den 12. mars! Dette representerer kjernen i både utfordringar og muligheter for fylket vårt når vi oppsummerer diskusjonen rundt Draumelyftet i Sogn og Fjordane.
Av Halvor Flatland, direktør i Innovasjon Noreg i Sogn og Fjordane
Innovasjon Norge gjennomførte Draumelyfte 12. mars 2015 med Halvor Gregusson, Anne Mette Hjelle og Olav Hjelle i panelet. I salen hadde vi med oss 20 personar og saman med desse brukte vi to timar på å diskutere kva utfordringar og ikkje minst muligheter vi ser for Sogn og Fjordane fram imot 2013.
Folketalsutvikling står stadig på agendaen i Sogn og Fjordane og er definert som utfordring nr 1 i Verdiskapingsplanen for fylket. Og folk er viktig – for å kunne tilby gode tenester, for å ugjere ein tilstrekkeleg stor marknad, for å vere ein attraktiv region for både besøkande, bedrifter og innbyggarar!
«Vi treng fleire kloke hovud og flinke hender» var eit av punkta Olav Hjelle vektla då han skulle peike på utfordringane Sogn og Fjordane står overfor. Vi har mange kloke hovud og flinke hender, problemet er at dei ikkje vert utfordra / nytta nok / rett. Vi kan alltids ynskje oss fleire men det hjelp lite dersom dei ikkje blir nytta eller ikkje vil bidra. Fleire kloke hovud og flinke hender er ikkje det same som fleire arbeidsplassar.
Og med få folk i eit lite fylke der brorparten av bedriftene er små eller mellomstore er samarbeid og gode utviklingsmiljø sentrale nøkkelord for å lukkast i stadig tøffare marknadar rundt om i verda.
Vassholstrategien Read More