18 Jun

Kva skal til for at du startar ei vekstbedrift med ti tilsette og gode vekstambisjonar?

Aurlandsvangen

«Kva skal til for at du startar ei vekstbedrift med ti tilsette og gode vekstambisjonar?» Dette var draumespørsmålet Halvor Gregusson i Rocketfarm ynskte seg frå sentrale personar i Sogn og Fjordane den 12. mars! Dette representerer kjernen i både utfordringar og muligheter for fylket vårt når vi oppsummerer diskusjonen rundt Draumelyftet i Sogn og Fjordane.

Av   Halvor Flatland, direktør i Innovasjon Noreg i Sogn og Fjordane

Innovasjon Norge gjennomførte Draumelyfte 12. mars 2015 med Halvor Gregusson, Anne Mette Hjelle og Olav Hjelle i panelet. I salen hadde vi med oss 20 personar og saman med desse brukte vi to timar på å diskutere kva utfordringar og ikkje minst muligheter vi ser for Sogn og Fjordane fram imot 2013.

Folketalsutvikling står stadig på agendaen i Sogn og Fjordane og er definert som utfordring nr 1 i Verdiskapingsplanen for fylket. Og folk er viktig – for å kunne tilby gode tenester, for å ugjere ein tilstrekkeleg stor marknad, for å vere ein attraktiv region for både besøkande, bedrifter og innbyggarar!

«Vi treng fleire kloke hovud og flinke hender» var eit av punkta Olav Hjelle vektla då han skulle peike på utfordringane Sogn og Fjordane står overfor. Vi har mange kloke hovud og flinke hender, problemet er at dei ikkje vert utfordra / nytta nok / rett. Vi kan alltids ynskje oss fleire men det hjelp lite dersom dei ikkje blir nytta eller ikkje vil bidra. Fleire kloke hovud og flinke hender er ikkje det same som fleire arbeidsplassar.

Og med få folk i eit lite fylke der brorparten av bedriftene er små eller mellomstore er samarbeid og gode utviklingsmiljø sentrale nøkkelord for å lukkast i stadig tøffare marknadar rundt om i verda.

Vassholstrategien

Halvor Gregusson i Rocketfarm oppmoda om «vassholstrategien» med utgangspunkt i det faktum at «der ressursane finst samlast folk». Etablering av gode og sterke utviklingsmiljø er eit viktig utgangspunkt for samarbeid mellom etablerte og nye bedrifter, kunnskapsmiljø, verkemiddelapparat, finansinstitusjonar og andre gode hjelparar.

Dessutan må det må vere naturleg for oss å koble oss opp mot dei beste miljøa i verda for å lære og få tilgang til den fremste kompetansen og marknadane som er tilgjengeleg innan dei ulike bransjane, påpeika Anne Mette Hjelle.

Klima og energi

Klimaskiftet og situasjonen i oljesektoren  vart sentralt også i debatten rundt Draumelyfte til Sogn og Fjordane, ikkje minst fordi det representerer muligheter for fylket framover; Sogn og Fjordane er det største fylket innan fornybar energi.

At vi er størst innan fornybar energi er nemnt frå mange hald om og om igjen men kvar er potensialt for vidare vekst? Har vi stort potensiale for å skape fleire arbeidsplassar frå vidare vasskraftutbygging? Kva med vind, bølgje, sol osv med dagens energiprisar og investeringsbehov?

Her trengs det ein kraftig dose folkeopplysning slik at ikkje minst politikarane får ein realitetsorientering. Innan energi har vi eit heilt anna potensiale som ikkje er på den offentlege agendaen… Dessutan har vi hatt ein relativt liten del av verdiskapinga vår knytt til olje, men vi har mange tilsette i oljenæringa. Dette gjer at kompetansen til off-shore arbeidsarane no vert tilgjengeleg til ein lavare pris.

Sikkert rett men kva så? Slik eg har lært meg å kjenne denne bransjen både nasjonalt og internasjonalt over mange år skal vi ikkje ha store forventningar her med tanke på kreativitet og lyst til å stå på 24/7 for å skape nye arbeidsplassar.

Gründerar

Og vi må tørre å satse på gründerar og oppstartsbedrifter, viktig med profesjonell siling i tidleg fase, både på ide og vilje til personleg satsing samtidig som vi må legge til rette for vekst og utvikling i etablerte bedrifter.

Balanse mellom utvikling og vern når det gjeld naturressursane er ofte utfordrnade, men offentlege styresmakter må bruke det handlingsrommet ein har og vere løysingsorientert for å få til utvikling og vekst i privat næringsliv i regionen.

Tidlegfasekapital

Tidlegfasekapital og mangel på private investorar som vil ta risiko i lokalt næringsliv vart trekt fram som ei utfordring for fylket frå fleire. Både Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane har no startfond som gründerar kan søke på. Dette i kombinasjon med finansiering via kommunale næringsfond, Innovasjon Norge, Fjord Invest og nye såkornfond som er på trappene håper vi på ei positiv utvikling her.

Dei store prosjekta treng nok framleis drahjelp utanfrå. Med framsnakking, samarbeid og døropning for kvarandre kan vi nå langt på kort tid – både i små og store prosjekt.

Tre punkt

Med dette bakteppet oppsummerer  vi Draumelyfte for Sogn og Fjordane i tre punkt:

  • Sogn og Fjordane skal bruke dei naturgitte ressursane til berekraftig næringsutvikling med god balanse mellom utnytting og vern. Offentleg sektor må vi bruke handlingsrommet som ligg i bruk av skjønn i tolking av lover og forskrifter om vern som går i favør av bedrifter som bygger nytt næringsliv.
  • Sogn og Fjordane skal ha gode og sterke utviklingsmiljø som bidreg til samarbeid mellom etablerte og nye bedrifter, kunnskapsmiljø, verkemiddelapparat, finansinstitusjonar og andre gode hjelparar. Sogn og Fjordane er best i landet på rådgjeving og finansiering av gode prosjekt i tidlegfase, både for gründerar og etablerte bedrifter.
  • I Sogn og Fjordane samarbeider vi tett, vi framsnakkar kvarandre, heiar på kvarandre og er opne for nye stemmer og nye idear. Og vi snur oss raskt og «vi berre gjer da»! Dette gjer Sogn og Fjordane til ein attraktiv og handlekraftig region både for bedrifter, besøkande og innbyggarar.

Skal vi få til noko stort må vi gå etter dei store marknadane, nasjonalt og internasjonalt.

Og i tråd med løftet om å sleppe nye stemmer til arrangerer vi eit nytt «Draumeløftet» med yngre deltakarar i 13. april i kombinasjon med at me har styremøte den dagen!

Draumelyft for ungdommen i Sogn og Fjordane

Innovasjon Norge gjennomførte og eit Draumelyft med ungdom og det regionale styret i Sogn og Fjordane 13. april 2015.

I panelet sat to av fjorårets traineear i Sogn og Fjordane,  Katrine Osland og Benjamin Øverås, samt Elisabeth Bøe som for nokre år sidan var ung grunder men som no er miljøkoordinator i Sogn og Fjordane fylkeskommune. I salen hadde vi med oss seks av årets traineekull i regi av Framtidsfylket, samt styremedlemmane våre.

Utfordringer som ungdommane peika på var m.a  folketalsutviklinga, nye arbeidsplassar, infrastruktur, sentralisering.  Dei meinte det var viktig å få fram entreprenørskapsånda og ha fokus på bærekraft både nasjonalt og internasjonalt. Vi sprer oss for mykje på alt i Sogn og Fjordane, som eksempel burde alle traineear i regi av Framtidsfylket vore samla i Førde.

Vi må bygge fleire «Campus Fosshaugane» i SOFJ med tilrettelegging for grunderar. Dessutane er det stort potensiale i eksisterande bedrifter (intraprenørskap) og vi må styrke trekanten høgskule-finans-næring.

Deltakarane meinte vi treng verdiskaping på tvers og at vi må tenke verdinettverk i staden for «gamaldags» klyngetenking. Vi må jobbe på tvers av bransjar for å løyse problem i samfunnet. Vi treng tverrfagleg kreativitet.  Eit eksempel var ei kobling mellom Enoro og Helse Førde. Vi må koble ulike næringar,  og også ta med frivillig sektor

Vidaregåande skule må inn i formidling av mulighetar i fylket. Slik kan vi styrke «Framtidsfylket». Andre meinte vi må få flyktningar inn i eit samspel med næringslivet for dette  gir potensiale for folketalsvekst.

Ungdomen snakka også om klimautfordringane: Her må vita radikale grep, sa dei. Ei konkret og grønn satsing kan vere foredle fornybare energiformer til hydrogen som energi-bærar til industrien (istaden for fossilt brennstoff)

Det er også store mulighetar i Sogn og Fjordane innanfor bioøkonomien. Vi kan bruke «det grønne skiftet» for å skape seg ein god fylkesprofil, og skape grønne innovasjonar og trekke til seg «grønne» grunderar

Dessutan burde me kunne utnytte 200 studentar frå 94 ulike land som går på United World College (UVC) i Fjaler. Det einaste verdsgymnaset i Noreg med enormt internasjonalt nettverk og evnerike studentar som kan gje våre bedrifter globale konkuransefortrinn.

Sjå og på Sogn avis sin artikkel om Dramuleyftet i Sogn og Fjordane!

Foto av Aurlandsvangen ved Ryhor Bruyeu.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

%d bloggere liker dette: